Fag- og temaevalueringar
Våre prioriteringar og råd baserer seg på opparbeidd kunnskap om norske forskingsmiljø. Nasjonale evalueringar av fag og tema er blant dei viktigaste kjeldene til slik kunnskap.
Planlagde evalueringar
Planlagde evalueringar | Kontaktperson | Oppstart |
Evaluering av humaniora og samfunnsvitskap |
Frå 2026 |
Gjennomførte evalueringar
Under finn du hovudrapportane frå dei sist gjennomførde fag- og temaevalueringane. For underrapportar og tidligare evalueringar, søk i publikasjonsdatabasen vår.
Evalueringar av fag og tema omfattar forsking i UH-sektoren, instituttsektoren og helsesektoren. Vi nyttar internasjonale fagekspertar til å gjere ein kritisk gjennomgang av det norske forskingssystemet, sett i eit internasjonalt perspektiv. Fagekspertane blir også inviterte til å gi tilrådingar til forskingsorganisasjonane, Forskingsrådet og departementa.
Evalueringane blir følgde opp av oss gjennom tiltak på nasjonalt nivå og inngår i kunnskapsgrunnlaget for den forskingspolitiske rådgivinga vår. Evalueringane skal også vere ein reiskap for forskingsorganisasjonane sitt eige strategiske og faglege utviklingsarbeid.
Nye rundar med fagevalueringar frå 2021
Hausten 2021 sette vi i gang ein ny runde med fagevalueringar. Dette er den tredje runden med evaluering av norsk forsking sidan fagevalueringane starta opp på slutten av 90-talet. Nytt i denne runden er at institusjonane får høve til å tilpasse evalueringane til sine eigne strategiar og sektorspesifikke formål. I tråd med forslag til nasjonalt rammeverk for nasjonale evalueringer for forskning og høyere utdanning (pdf) vil vi også sørgje for å koordinere evalueringane sine med relevante evalueringar på utdanningsfeltet.
Den tredje runden med fagevalueringar omfattar i første omgang livsvitskap, naturvitskap og teknologi. For humaniora og samfunnsvitskap vil nye evalueringar komme i gang frå 2025.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. mai 2025, kl. 22.17 CEST